torsdag 20. april 2017

Ting tar av og til tid....


Eg bruker alltid laaang tid på mine PL sider. Og denne sida er intet unntak...Eg brukte nesten ei
heil veke på å få gjort ho ferdig. Eg gjekk til og frå i dagavis, og til slutt "løsna" det...

Det begynte med at eg bestemte meg på forhånd at eg ville bruka nokre av dei gamle arka
mine fra Simple Stories, " Homespun", og med tilhøyrande klistermerker.
Eg fann nokre bakebilder av mi eldste dotter, og printa dei ut.
Var lettare sagt enn gjort å bruka desse arka med mykje store mønsterflater.
(Dette er ark på 30 x 30 cm, som er oppdelt i ruter til å skjæra etter, slik at dei passer
til pl-lommene). Eg skar og klipte, limte, snudde og vende på korta, noko havna i
bosset etter å ha blitt klipt opp i små ubrukelege biter.. Var i bosset og henta opp
dei ubrukelege bitane, som brått blei brukande igjen... Og etter fleire dagars arbeid,
kom eg fram til eit nokolunde resultat :-)




Bokstavane i "boller " er stansa ut i mosegummi. Resten er klistermerker fra Homespun-serien.


Pynta med trepil og klistermerker. Og her kom ein liten gulrutet bit til nytte,
som egentlig var havna i bosset...



Oppskrifta på bollene... Vispen er eit stempel.




 Ha ein fiiin dag!!
Helsing DT Mona E. :-)

1 kommentar:

  1. Kjedelig når man sitter fast, men resultatet ble i hvert fall kjempe bra til slutt :-D

    SvarSlett